Vi ynskjer velkomen til familiegudsteneste med hausttakkefest! Denne gudstenesta deltar 2. klassingar, som var med og sette poteter i jorda i vår. No har dei tatt potetene opp av jorda, og lært om Jesus som vart til nytt liv for oss. Dette skal vi få sjå og høyre meir om i hausttakkefesten! I tillegg blir det med ei forsongargruppe, og Korklubben skal synge for oss.
Vanlegvis brukar vi å invitere born til å gå i prosesjon inn i kyrkja, gjerne med korger fulle av haustens grøde, på hausttakkefesten. Grunna korona blir det ikkje slik i år. Men ei gudsteneste for å takke Gud for alt det skapte, det skal vi uansett ha!
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi med pølsegrilling ute på rådhusplassen. Velkomen!