Så er det klart for årets lokale dugnads-/storarrangement. Julenattine i Ulstein kyrkje har år etter år samla fulle hus, og er kjent for sin musikalske kreativitet, kvalitet, nyskaping og truskap mot julens bodskap. Dette året blir anleis. P.g.a. pandemien/smittevernsreglar må vi denne gongen flytte arrangementet til Sjøborg. Då blir arrangementet tilgjengeleg for langt fleire enn om det hadde vore i kyrkja. Men det er dessverre eit sterkt avgrensa antal billettar for sal: 200 stk.
Også i år vil programmet bestå av gamle og nye juletonar i ny og spennande innpakning.
Medverkande solistar blir mellom anna: Oline Aksnes, Oddlaug Grimstad Arnesen, Jakoba Solvang, Øystein Grimstad Thormodsæter, Arnhild Bjerkvik, Ruben Voldsund, Tomine Sævik, Mathea Holte Grevstad, Rak Marie Hatløy Sætre, Ingrid Madli Sæter, Kamilla Grimstad Hagen, Rolf Magne Tømte, Iver Olaf Grimstad, Arnt Ole Grimstad, Vegard Aksnes, Ståle Dimmen, m.fl.
Orkesteret består mellom anna av Øyvin Sønnesyn (piano), Jan Thormodsæter (bass/piano) , Torstein Lofthus, (percusjon), Ståle Helvig (piano), Runa Husøy (saxofon), Kåre Skare Lystad (gitar) og Pål Andre Worren Grimstad (trompet)
Billettpris kr. 250,- pluss avgift
Billettsal:
Nettsida www.sjoborg.no
Servicetorget ved Ulstein rådhus