Kyrkjekontoret er stengt for besøkjande og dei tilsette har heimekontor som base. Men ta gjerne kontakt med dei tilsette om:
- du treng nokon å snakke med
- du ønskjer å avklare / bestille dåp
- treng å få svar på andre spørsmål om kyrkjeleg aktivitet
Det viktigaste målet er å bidra til at smitten ikkje sprer seg meir i samfunnet. Å følgje restriksjonane som er gitt og ha best moglege smittevernsrutiner på våre arrangement er sjølvsagt.
Men det er like viktig å vere til stades som kyrkje i samfunnet. Vi skal forkynne evangeliet, vi skal gravlegge dei som går frå oss og vi skal strekke ut ei hjelpande hand til dei som treng det, vi skal vise omsorg og vi skal be for kvarandre og for verda.