Mari Ann Vattøy tilsett i diakonstillinga

Eg har fått draumejobben seier Mari Ann Vattøy (55). Etter 3 år som vikar for diakon i Ulstein sokn har Mari Ann takka ja til ei fast stilling i 50%. Ho deler diakonstilling  med Karine Sæter som er tilbake som diakon i Ulstein sokn i 50%.

Mari Ann Vattøy tilsett i diakonstillinga

Mari Ann tok til som vikar for diakon oktober 2020 og har gått inn i oppgåvene med stort engasjement og glede. Sidan 2022 har ho hatt mykje fokus på arbeid med flyktningar som har kome til Ulsteinvik.

Å vise omsorg for dei som treng det mest er noko av det mest sentrale i kristen tru. Gjennom diakoniarbeidet er kyrkja ein viktig samfunnsaktør for alle og ikkje berre for medlemane i kyrkja. Også arbeid blant eldre, einsame og sjuke er ein viktig del av diakoniarbeidet og diakonen er også involvert i sorgarbeid i samband med gravferd. Men også i ungdoms- og familiearbeid er diakoniarbeid eit viktig omsorgsteneste.

Frå hausten av deler altså Mari Ann Vattøy og Karine Sæter på denne jobben. Medan Karine i tillegg til 50% diakonstilling også er leiar for Byggeklossen open barnehage vil Mari Ann også ha eit engasjement for arbeid med flyktningar utover den faste 50% diakonstilling.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"