Sindre er for nokre kanskje mest kjend som Johnny Cash-tolkar og prestevikar, men den irske musikken ligg hjarta hans nær.
Rune jobbar for Rolls Royce i Ulsteinvik, men har musikk som hobby. Han spelar fleire instrument, men denne gongen trakterar han 4- og 5-strengs banjo.
Morten er profesjonell musikar og jobbar m.a. som organist i Volda, men han er også ein kløppar på trekkspel.
På denne konserten vil dei framføre både pub-songar og åndelege songar. Det vert også nokre irske dansemelodiar å høyre.
Sidan det er Trebåtfestival er nokre av songane naturleg nok knytte til sjø og kystkultur, men det dukkar gjerne opp ein salme innimellom.
Billettsal ved døra. Kr. 100,-