Utanbygds gravferd

Alle har rett på frigrav i den kommunen der dei er busett (folkeregisterført). Dersom det er ynskje om å halde gravferda i ein annan kommune denne, kan den lokale kyrkja krevja å få dekka utgiftene knytt til dette.

Utsikten frå kyrkjetårnet på Bø. Foto: Sølvi Helen Kvalheim Mjøs.

Betaling for utanbygds gravferd 2025

  • Kistegrav: Kr 20 737 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 708 pr. år)
  • Urnegrav: Kr 10 368 inkl. mva (festeavgift kjem i tillegg, kr 708 pr. år)
  • Leige av kyrkja: Kr 1500 *
  • Tenesterefusjon, kyrkjemusikar: Kr 2800 *
  • Tenesterefusjon, kyrkjetenar: Kr 1870 *
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 14 220

sats for 2024; Alver kyrkjelege fellesråd gjer vedtak om nye satsar i januar 2025.

Desse satsane gjeld for gravferd når avdøde ved dødsfallet var folkeregisterført i annan kommune enn Alver.

Nokre prisdøme

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny grav pluss reservert grav (festegrav).
    Sermonien vert halde i det soknet der avdøde var folkeregisterført.

    Her skal ein betale:
    Kistegrav kr 20 737
    Festeavgift ut fredningstida kr 708 x 20 år
    Særskilt reservert grav kr 14 220
    SUM kr 49 177

 

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny urnegrav og seremoni i ei kyrkje i Alver.

    Her skal ein betale:
    Urnegrav kr 10 368
    Festeavgift ut fredningstida kr 708 x 20 år
    Leige av kyrkja kr 1500 *
    Tenesterefusjon for kyrkjemusikar kr 2800 *
    Tenesterefusjon for kyrkjetenar kr 1870 *
    SUM kr 30 758

 

  • Avdøde ikkje folkeregisterført i Alver, ynskjer ny grav pluss reservert grav (festegrav) og seremoni i ei kyrkje i Alver.

    Her skal ein betale:
    Kistegrav kr 20 737
    Festeavgift ut fredningstida kr 708 x 20 år
    Særskilt reservert grav kr 14 220
    Leige av kyrkja kr 1500 *
    Tenesterefusjon for kyrkjemusikar kr 2800 *
    Tenesterefusjon for kyrkjetenar kr 1870 *
    SUM kr 55 356

Pris for kiste- og urnegrav inkluderar 25% mva. Det er ikkje mva på festeavgift, leige av kyrkja eller tenesterefusjon for bruk av kyrkjemusikar/kyrkjetenar.

Satsane vert regulert kvart år av Alver kyrkjelege fellesråd utfrå konsumprisindeksen.

 

NB: Betaling for prest

I visse høve må ein også betale for prest. Dette gjeld når avdøde var busett utanfor prostiet, altså utanfor Nordhordland prosti. Prosedyre: Familien skriv under på eit skjema som presten tek med (Fakturagrunnlag for gravferd), og bekrefter då at ein er kjend med ordninga. Etter gravferda vil bispedømekontoret sende rekning til familien for prestetenesta. Det ligg lenke nedanfor til bispedømet sin nettsak om dette. 

Siste oppdatering: 03.01.25

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"