Vikar for presten for barn, unge og unge familiar
Ved årsskiftet starta Torbjørn Sæle opp med eitt års engasjement som sokneprest i Masfjorden. Vikaren som i desse dagar trer inn i stillinga hans er Tone Marit Dyrkolbotn. Ho var sokneprest i Masfjorden to år tilbake, før ho fekk stilling på Sjømannskyrkja i Torrevieja. Det komande året skal ho arbeide særskilt blant barn, unge og unge familiar i kyrkjelydane våre. Me ønskjer Tone Marit varmt velkommen!