Kven er det for?
Alpha er for alle som er nysgjerrige. Undervisninga ønskjer å oppmuntra til å snakka saman og utforska det grunnleggjande i kristen tru. Det er venleg, ope og uformelt. Ingen spørsmål er upassande, og du har moglegheit til å delta i samtalen så mykje eller så lite du sjølv ønskjer.
Her er ein liten filmsnutt om Alphakurs (2,5 minutt)
Korleis er programmet?
Alphakurset består av 10 samlingar på torsdagskveldar i tillegg til ein laurdag. Kvar samling inneheld mat, undervisning og ein gruppesamtale der du kan seia kva du meiner. Når som helst, om du meiner at Alpha ikkje passar for deg, kan du avslutta. Det er ikkje noko press, ingen oppfølging og ingen betaling. Ein typisk Alpha-kveld kan sjå slik ut:
- 1900-1930 Vi samast til eit enkelt kveldsmåltid
- 1930-1940 Fellessong / musikkinnslag
- 1940-2005 Tema presentasjon / undervisning (video på storskjerm)
- 2005-2015 Kaffi-pause
- 2015-2055 Gruppesamtale om kveldens tema eller det den enkelte ønskjer å ta opp. Samtalen vert leia av en eller fleire gruppeleiarar
- 2055-2100 Avslutning
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å vera med på Alpha.
Når
Frå 16.01.2025 til 20.03.2025, (har vorte utsett oppstart pr januar )på torsdagar frå kl. 1900 - 2100
Kvar
Kyrkjetorget på Frekhaug senter, Havnevegen 31 (over apoteket)
Påmelding og kontaktinformasjon
Påmeldingsskjema finn du nedanfor eller du kan kontakta:
- Kyrkjekontoret, telefon: 404 62 647 , e-post: au887@kyrkja.no
- Trine Bruvik, telefon: 952 05 325 e-post: trine@familienbruvik.no
- Frank Rune Dale, telefon: 905 98 159 e-post: frank@terranor.no
Lær meir om Alpha - Alpha-teamtrening
Vil du vere med på Alpha-teamtrening? Det er gratis og det foregår på nettet eller i samla flokk på kyrkjetorget 15.01. kl. 18.00 Alpha Teamtrening - Alpha Norway