Babysang og småbarnstreff held til på møteplassen, ved sida av kyrkjekontoret i Frekhaug senter. Kvar tirsdag frå 11-13 er det sang, leik og prat her. Dette er eit godt besøkt tiltak, og ein strålande mulighet for både barn og foreldre til å treffe andre i same situasjon. Vi starter med sangstunda, og etterpå er det leik for barna og prat for dei vaksne. Vi steiker ofte vaflar, og har alltid kaffe og te. Ta gjerne med deg lunsjen og få ein koselig og sosial formiddag! Tilbodet er gratis.
Oppstart for babysang og småbarnstreff
29. august startar babysang og småbarnstreff oppatt etter sommaren.