I høve 150 års jubileet for Meland Kyrkje er det endeleg klart for borna sin konsert. Den blir søndag den 30 oktober kl. 16.00, sjølvsagt i Meland kyrkje. I år blir både Bjarte Leithaug og Team Sulebakk, saman med den nyoppstarta gruppa "Gutta" med og dei har med seg kora Levande Lys og Strilongane. 5 åringar er særskilt invitert som del av trusopplæringa i Meland kyrkjelyd. Vi håpar mange vil koma på konserten og borna si feiring av kyrkja sin bursdag. Konserten har inngangsbillettar på kr 100 for vaksne og 50 for barn som går til dekking av arrangementsutgifter. Artistane gjev konserten gratis, og overskotet av konserten går til Kirkens nødhjelp.
Barnefestkonsert
Feirar kyrkja sin bursdag med konsert søndag 30.10 kl. 16.00