Framdrift og oppdateringar i kyrkjesaka

Rådmannen vil sjå til at det blir sett av areal til kyrkja i det pågåande planarbeidet for Langelandsskogen og del av sentrum. Tidlegare tomtealternativ sør-vest for Gløde er uaktelt då det ikkje lukkast å komme fram til avtale med grunneigar.

Framdrift og oppdateringar i kyrkjesaka

Vedtak

Formannskapet godkjenner at Kyrkjeleg Fellesråd (Soknerådet) får tilbod om å overta prosjektansvaret for bygging av kyrkje på Frekhaug, i tråd med intensjonane i saksutgreiinga. Det endelege avtaleutkastet skal godkjennast av formannskapet. Tomt må kommunen framskaffa utanom ramma på kr 70 mill.

Bakgrunn

I KS-vedtak sak 117/2017 den 13.12.2017, budsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2021, er det løyvd i alt kr 70 mill investeringsmidlar til bygging av ny kyrkje på Frekhaug. Rådmannen er innstilt på at Kyrkjeleg Fellesråd (Soknerådet) tar det heile og fulle ansvaret for planlegging, prosjektering og bygging av den nye kyrkja. Disponering av dei kommunale investeringsmidlane må i så fall regulerast i ein eigen intensjonsavtale mellom Meland kommune og Kyrkja. Ein slik avtale krev ein grundig gjennomgang av ulike formalitetar. I første omgang ønskjer rådmannen å få avklart premissane for ein eventuell avtale.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"