Gudstenester i den stille veka og på påskedag

I den stille veka skal vi gjennom fleire gudstenester følgje Jesus gjennom påskedramaet. Her får du litt informasjon om dei forskjellige gudstenestene i Meland kyrkje. Vel møtt!

Gudstenester i den stille veka og på påskedag

Skjærtorsdag kl 19.30:
Nattverdgudsteneste med kveldsmat etterpå. Song av Kristin Mestad. Vi følgjer Jesus gjennom det siste måltidet han har med venene sine før det han veit skal skje: han skal gje seg sjølv i døden for menneska. Offer til Norges Kristelige student- og skuleungdomslag. Torbjørn Aamli leier oss gjennom gudstenesta og Trond Fykse sit ved tangentane. Junji Furukawa er kyrkjetenar.

Langfredag kl 11.00:
Kort og stille gudsteneste. Vi følgjer Jesus frå han blir sviken, gjennom arrestasjon, avhøyr, liding og krossfesting, til han blir gravlagt. Ved: Helge Hitland, Trond Fykse og Junji Furukawa.

1. påskedag kl 11.00:
Høgtidsgudsteneste. Vi feirer at Jesus vann over døden og stod opp att! Sondre Blom på trompet. Offer til Menighetsfakultetet. Prest Helge H.,Trond Fykse og Junji Furukawa. Kyrkjekaffi.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"