I ei heimegruppe får grupper av konfirmantar kome inn i heimane til oss som går i kyrkjelyden. Der kan vi senke skuldrane, kanskje leikar og spelar vi litt, et litt frukt eller noko anna enkelt, og så set vi oss i sofaen og snakkar om tema som omhandlar tru og tvil, Bibelen, kva det vil seie å følgje Jesus og andre tema som omhandlar livet.
Når vi har spurt tidlegare konfirmantar kva dei har likt med konfirmanttida kjem ofte heimegruppesamlingane høgt opp på lista. Vi trur konfirmantane får mykje positivt ut av å vere i ein kristen heim, og bli kjent med andre frå kyrkjelyden.
Kunne du/de hatt lyst å ha ei gruppe konfirmantar på besøk? Det er snakk om fire samlingar på ettermiddag/kveldstid, frå november til mai. Kvar samling varer i ca 1,5 time, og du får eit opplegg frå oss du kan bruke.
Ta kontakt dersom du kan tenke deg å ha ei gruppe heime hos deg, eller om du vil ha meir informasjon: stine.saele@melandkyrkja.no