I ei husgruppe vil vi at du skal oppleve at du er nær Gud og nær menneske. Visjonen til Meland kyrkjelyd er nettopp dette – «Nær Gud – nær menneske». Du får ta del i eit lite og livsnært fellesskap der det er rom for både tru og tvil, glede og sorg. Saman set vi fokus på Gud og korleis eit liv med han ser ut i vår kvardag.
Nær Gud handlar om at han er sentrum i den kristne trua og når gruppa møtes. Vi set fokus på han og ser livet og trua i ein større samanheng gjennom Bibelen, bøn, lovsong, samtalar og ved å bli kjent med kvarandre.
Nær menneske handlar om å gå ein veg saman. Du får kome som du er og får ta del i eit fellesskap der ein ser kvarandre. Vi vert oppmuntra og utrusta til å følgje Jesus som hans læresveinar og til å finne den enkelte sin plass i kyrkja.
Les meir om husgruppene her.
Ta kontakt med husgruppekoordinator dersom du ønsker å vere med i ei husgruppe eller om du vil ha meir informasjon:
E-post: stine.saele@melandkyrkja.no eller post@melandkyrkja.no
Telefon: Send SMS til 47640809