Annankvar torsdag (partalsveker) møtast jenter i alle aldre på Møteplassen på Frekhaug torg. Dørene er opne frå kl. 19-22 med kaffi og te på kannene. Jentekveldane er ein plass å treffe andre for å prate og bli kjend, med eller utan strikketøy. Kom åleine eller ilag med andre.
I løpet av hausten vil me prøve å ha t.d. byttekveld, litteraturkveld, julebakst, musikalske kveldar - alt etter kva som kjem opp og er aktuelt. Men først og fremst er kveldane til for å møtes og å ha ein plass der vi kan senke skuldrane.
Haustens datoar: 5.10, 19.10, 2.11, 16.11 og 30.11.
Ta kontakt med Maria Sæle eller Stine Karin Sæle om du har spørsmål eller er interessert i å bidra! Følg lenka under for å finne Facebook-gruppa vår med oppdatert informasjon og arrangement.