23. oktober er det klart for ein flott jubileumskonsert. Høgdepunktet er ingen ringare enn Iver Kleive. I tillegg til orgelmeisteren får vi høyre lokale musikarar og kor.
23. oktober kl 19.30 kjem Iver Kleive til Meland kyrkje for å spele den nest siste av jubileumskonsertane våre. I tillegg til Kleive skal Elena Blom (fiolin) og Katarzyna Leikvoll og Øyvind Aase (piano) spele, Octavia og Bergen Domkirkes Ungdomskor skal synge songar av Henning Sommero og Alversund Kammerkor under dirigent Odd Leif Mjøs skal synge.
Konserten kostar 200/100 og biletten kjøpast i døra.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.