Samtalegudsteneste
Konfirmantane skal førebu ei gudsteneste vi kallar Samtalegudsteneste. Denne skal vera 11.juni kl. 11.00 i Meland kyrkje. Her vil foreldre, fadrar og resten av kyrkjelyden få eit lite innblikk i kva konfirmantane har lært dette året. Dersom konfirmanten ikkje har høve til å kome denne datoen må de gje melding til kyrkjekontoret om det. Vi ønskjer å ha ein ekstra flott kyrkjekaffi denne dagen. Derfor bed vi dei foreldra som har høve til det ta med enten ei platekake, bollar eller liknande (det må vera noko som kan etast utan skei).
Konfirmantweekend
Vi som er leiarar gler oss veldig til å møte dykk og få bruke tid ilag på leiren! Tilbakemeldingane frå tidlegare kull har vore at leiren er ei minnerik og flott oppleving for mange. De kan lese om leirstaden på www.fjell-ly.no
Litt praktisk informasjon
På leiren må de ha med:
- Konfirmantbibelen, Kristuskransen og skrivesaker
- Sengeklede (kan leigast på Fjell-Ly for kr.100,-)
- Innesko, evt. badetøy, turtøy, gymtøy (ta med det du vil bruke i fritida)
- Anna de treng for å vera vekke ei helg (toalettsaker, handduk osb.)
- Snop til felles snopekoldtbord på laurdagskvelden (alle tek med så mykje dei vil ha sjølv)
16. juni kl 17:15: Oppmøte på bussplassen ved Frekhaug senter for avreise
18. juni kl 13:30: Vi kjem att til bussplassen ved Frekhaug senter (Omtrentleg tidspunkt)