Orgelet i Meland kyrkje fylte 150 år i 2015. Det er med glede vi melder at orgelet blir delrestaurert i kyrkja sitt jubileumsår i 2016. Sist orgelet vart restaurert var i 1986 og arbeidet vart uført av Bruno Christensen & Sønner. Orgelet er av merke Schulze, er produsert i Hannover i Tyskland og vart montert i Meland kyrkje i 1927 av orgelbyggjaren Ivers. Før denne tid stod orgelet i Mariakirken i Bergen.
Eg skal ikkje gå for mykje i detalj om alt som skal gjerast, men særskilt viktig er vøling av sprekkskader i manualvindladene og pedalvindladene. Vindlader er store luftmagasin eller kassar av treverk som pipene er montert på. Lyden blir produsert når det vert pressa luft gjennom desse og ut i orgelpipene, det skjer når tangentane blir trykt ned.
Det er orgelbyggar Johannes D. Buder (DJB Orgelverksted) som vil utføra restaureringa. Arbeidet tar til den 7 mars og skal vera sluttført innan 30 april. I denne tida må vi klara oss utan orgel ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. Galleriet vil også vera stengt i denne perioden.
Trond Fykse.