Søndag 29.10 kl 19.30 er det felles reformasjonsgudsteneste for heile Nordhordland prosti i Knarvik kyrkje, der prestane i prostiet er med, prost Geir Sørebø og biskop emeritus (= pensjonert) Ole D Hagesæther. Der blir det urframføring av eit verk komponert av Tom Brevik og framført av Skala brassband, Melissa Baug og William Kay. Meir om dette finn du i siste nummer av Kontakt. Etter gudstenesta blir det suppe til heile folket. På sjølve reformasjonsdagen 31.10 kl. 1900 arrangerer Nordhordland rotary, Strilabiblioteket og Senioruniversitetet eit seminar om reformasjonen sine følgjer for samfunns-og demokratiutviklinga ved journalist Asbjørn Kristoffersen på Knarrren, Knarvik vidg. skule. Mykje som er verdt å få med seg, med andre ord.
I haust er det temagudstenester i dei fleste kyrkjer i landet med fokus på sentrale tema i reformasjonen. Søndag 22.10 arrangerte Alversund sokneråd "Luther med latter" i Knarvik kyrkje. Det var Ryfylke livsgnist som har laga ei forestillling med skråblikk på dei 500 åra i lutherske spor på ein historisk, humoristisk og musikalsk måte.