Bli med på ei gøy og annleis gudsteneste!

På søndag kan du få vere med på ei spennande gudsteneste i kyrkja, med tårnagentar og HipHop-dans!

Bli med på ei gøy og annleis gudsteneste!

Kvart år blir dei som går i 2. klasse invitert til å vere med på tårnagenthelg i kyrkja. Lørdag 9. mars skal 8-åringane få utforske kyrkja og kyrkjetårnet, dei skal få vere med på skattejakt, og dei skal og få vere med å førebu søndagens gudsteneste. Dette blir ei flott gudsteneste, der tårnagentane bidreg på ulike måtar. I tillegg har vi med oss ein fin gjeng med HipHop-dansarar frå 1.-7. klasse, som har vore på kurs med Siren Godø fem mandagar dei siste månadane. Dei skal framføre to dansar i gudstenesta. Dette gler vi oss veldig til å sjå! Håpar du vil komme på ei kjekk og innhaldsrik gudsteneste kl. 11 på søndag!

Medverkande er:

Bjørn Tore Sæle, prest, Aslaug Miljeteig, "tårnagentsjef", Anne Marit F. Dahle, kyrkjelydspedagog, Ottar Mæstad, musikar.

Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Kyrkjekaffi, saft og kaker etter gudstenesta.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"