Misjonsprosjektet vårt

Misjonsprosjektet til Meland kyrkjelyd er for tida NMS sitt fokusområde Midtausten og Nord-Afrika. Og innanfor dette har vil valt å fokusere mykje på medieorganisasjonen SAT-7 som når langt ut i området

Publisert:

Misjonsprosjektet til Meland kyrkjelyd er NMS sitt fokusområde Midtausten og Nord-Afrika. Og innanfor dette har vil valt å fokusere mykje på medieorganisasjonen SAT-7 som når langt ut i området

SAT-7 er ein TV-kanal som når ut til hele Midtausten og Nord-Afrika. Kanalen er på arabisk, tyrkisk og persisk. Til saman har dei har minst 15 millionar sjåarar delt på fire kanalar, og responsen er enorm.

SAT-7 er ei viktig støtte for dei kristne i dette området. Sendingane er varierte, med song og musikk, filmar, bibelundervisning, reportasjar og talkshows. Dei har ei tydeleg diakonal vinkling. Kvinner og barn vert særleg løfta fram.

Vi støttar særleg den arabiske barnekanalen SAT-7 KIDS som er den einaste kristne kanalen i regionen for barn og unge. Den er populær fordi den gir tryggleik i ein vanskeleg kvardag. Mange veks opp under konflikt og usikkerheit. Dei treng å vite at Gud elskar dei. Gjennom drama, talkshows, teiknefilmar og song og musikk møter barn og ungdommar evangeliet i sine første og formande år.  Sendingane når og fram til menneske som aldri har møtt ein kristen, fra Marokko til Afghanistan.

I tillegg til at dei viser kristne program, har dei program om likestilling, demokrati og menneskerettar. Dei har mellom anna program retta mot barn, ungdom, kvinner og minoritetar. Dei har også undervisnings-TV for barn som ikkje kan gå på skule på grunn av krig, flukt eller av andre grunnar.  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"