Leige lokale til bursdag, konfirmasjon, konsert og liknande?

Osterfjorden sokn disponerer fleire lokale som det er mogleg å leige. Her er rom tilpassa små og store arrangement. Bursdag, konfirmasjon, minnesamvær, møter, seminar og konsertar. Her er ei oversikt over dei ulike lokala og prisar.

Publisert:

Leige lokale til bursdag, konfirmasjon, konsert og liknande?

Ostereidet kyrkje

Ostereidet kyrkje er godt egna for konsertar, med god plass framme og eige lydanlegg. Dersom ein opnar veggane bak i kyrkja og mot dåpssakrestiet er det plass til 300 (inkludert musikarar).

Det er to salar i kyrkja som kan leigast til ulike formål. Oppe er det ein liten sal med eit lite kjøkken. Her er det plass til 40 personar, og egnar seg for små møte og selskap. (egnar seg ikkje til barneselskap da salen ligg rett ved kyrkjerommet).

Nede i kyrkja er det ein større sal som egnar seg godt til konfirmasjonsselskap, minnesamvær, barneselskap og liknande. Her er det plass til 100. Tilhøyrande salen er det eit stort og godt kjøkken.  Eigne og lavare prisar for barnebursdagar. 

Booking av konfirmasjonsselskap

Mange spør om lokale mange år fram i tid. For kjellaren i Ostereidet gjeld følgande: 

Lokale kan bestillast ett år fram i tid. Tidlegare enn det kan ein melde ønskje. I januar 2026 vert det loddtrekning for dei som ønskjer å leige lokalet i 2027.

Hjelmås kapell

Hjelmås kapell er ein del mindre enn Ostereidet. 

Kyrkjerommet egnar seg godt til mindre konsertar. Her er det plass til 140. 

Rommet i kjellaren har plass til 50, og kan leigast til minnesamvær, dåpsselskap og liknande. 

 

Vike kyrkje og borgstove

Vike kyrkje er den eldste av kyrkjene i Osterfjorden, og med sin gode akustikk og flotte plassering ved fjorden egnar den seg godt til konsertar. Her er det plass til 210. 

Ved sidan av kyrkja ligg ei lita koselig borgstove. Her er ein liten sal og eit lite kjøkken. 

 

Prisar

Prisar for kyrkjerom til konsertar og kulturarrangement. Sjå lenka under. (nye prisar frå 2025)

  • Ostereidet kyrkjelydssal oppe + kjøkken kr. 1000,-
  • Ostereidet møtesal nede + kjøkken kr. 1500,- 
  • Tillegg for vask/rydding viss de ikkje vaskar sjølv: kr. 345 per time.
  • Ostereidet møtesal nede til barnebursdag kr. 600,- Dette tilbodet føresett at ein nyttar kjøkkenet i mindre grad, at ein til dømes nyttar eingongsbestikk, koppar og fat. 500 kr. for utvask.
  • Hjelmås møtesal nede + kjøkken kr. 1000,-

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"