Det er gledeleg at vi no kan vera fleire som feirar gudsteneste saman! Men framleis gjeld reglane om 1 meter avstand og 2 meter avstand mellom kvar husstand når vi skal synge. Denne søndagen legg vi ikkje opp tll fellessong sidan kyrkjerommet er gjort klart for opptak som våre gode vener i Manger skulemusikklag held på med.
For å kunne vere fleire enn 10, må vi ha "faste, tilviste plassar". Dette tyder at alle må sitte i ro, men det er tillatt med nattverd. Kyrkjevertane viser folk kor dei kan sitte og passar på at det er tilstrekkeleg plass mellom kvar husstand.
Det vert ikkje påmelding til gudstensta, men som før må vi registrere alle som kjem med namn og telefonnummer i tilfelle smittesporing.
Vel møtt til gudsteneste!