Andre medverkande: Prestevikar Bjørn Dalsgård Nygård, diakon Gudveig Kartveit Sundsbø, kyrkjemusikar Vidar Eldholm, medliturg Kirsten Skage Mellingen og musikar Per Bjørkøy.
TIDSPUNKT: 06. juli 2025 kl 11:00 , Emigrantkyrkja på Sletta i Radøy
Les meir om:
Programmet etter gudstenesta:
Etter festgudstenesta - klokka 12 blir det markering ved monumenta utanfor, der fylkesordføraren, ordføraren og biskopen deltek. Frå 12.30 opnar festivalkafeen i teltet på prærien der det blir servering av varm mat, kaffi og kaker.
Alle husa og utstillingane er opne og det er mykje kjekt og nytt å sjå og vera med på. Her kan de mellom anna høyre meir om dei ulike prosjekta Utvandringssenteret har jobba med i jubileumsåret.
I kyrkjekjellaren finn de Slekt og Data som vil rettleie i slektsforsking og korleis ein finn fram i mellom anna amerikanske kjelder.
Les meir om Utvandringsfestivalen her: https://muho.no/vestnorskutvandringssenter/utvandringsfestivalen-2025