I Alver vert det gudsteneste kvar sommar no i sommar, men ikkje i alle kyrkjene. Søndag 25.juni er det gudsteneste i Manger kyrkje, og då får vi besøk av Knut Fr. Sørheim som prest. Knut Fredrik var i mange år sokneprest i Masfjorden og har også vore vikar hjå oss i kortare periodar. Organisten vår, William Kay, står for musikken.
Dei neste gudstenestene i Radøy sokn denne sommaren blir:
- Søndag 2.juli kl. 11 i Emigrantkyrkja på Sletta, som del av utvandringsfestivalen
- Søndag 30.juli kl 11 i Manger kyrkje. Då er sokneprest Kjell Sekkingstad på plass, saman med organist Vidar Eldholm.
Vi ynskjer alle ei riktig fin sommar!