Søndag og salmesong høyrar saman og denne søndagen kan du rett og slett "stemme i en frydesang" då Phillip Paul Bliss sin mektige salme står på programmet!
Salmane denne veka har eit klart gledesbudskap - og er også veldig gode å syngja saman. "Kven kan seia ut den gleda", "Tett ved sida mi går Jesus", "Jesus, du har brakt Guds rike" står alle saman på salmelista i tillegg til sjølvaste "Vi stemmer i en frydesang".
Så bli med og fyll den flotte kyrkja vår med salmesong - no med berre éin meters avstand! Om vêret er med oss vert det også kyrkjekaffi på kyrkjebakken etter gudstenesta.
- Gudstenesta denne søndgen er i "Nordhordlandskatedralen" - Manger kyrkje. Den startar kl 11:00 og Thor Sommerseth er liturg. Ved orgelet sit William Kay.