Billettsal: Klikk her for å kjøpe billett.
Sopranen Lydia Hoen Tjore er fødd og oppvaksen på Radøy. Ho starta sine studiar ved Det Kongelege Danske Musikkonservatorium alt som 17-åring. Ved Opera-akademiet, også i København, fullførte ho studiane i 2018 som ein av dei yngste nokon sinne. Susanna Eken var sanglæreren hennar.
Lydia Hoen Tjore har vore solist-praktikant ved Den Norske Opera i Oslo gjennom to sesongar 2018-2020. Ho har mellom anna sunge rollene som Zerlina i Mozarts Don Giovanni, Adina i Elskovsdrikken, Søster Genovieffa i Suor Angelica, Belinda i Dido og Aeneas, Første dame i Tryllefløyten og Micaëla i Carmen.
Trass sin unge alder har Lydia Hoen Tjore vore solist under Festspela i Bergen og hatt oppgåver med ei rekkje orkestre. I 2017/18 medverka ho i Rigoletto og Alcina ved Den Kongelege Opera, København. Ho har sunge ved Narnia-festivalen i Italia, der ho gjorde hovedrollene Susanna, Despina og Donna Elvira i Mozarts operaer. Lydia Hoen Tjore var solist under 175års-jubileet for Edvard Griegs fødsel.
Hausten 2021 var ho finalist i to internasjonale musikkonkurransar, Vinceró World Singing Competition og Dronning Sonjas internasjonale Musikkonkurranse. I sistnevnte konkurranse vann ho Ingrid Bjoner- prisen. Lydia Hoen Tjore arbeidar no som frilans.
Pianisten Rune Alver har lang fartstid som utøver av Edvard Grieg sin musikk på Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Han har spelt mange konsertar i Norge, Europa, Russland, Kina og Sør-Afrika. I 2013 debuterte han med solo-konsert i Carnegie Hall, New York.
Rune Alver samarbeider med framtredande musikarar, skodespelarar og visuelle kunstnarar i tradisjonelle og meir eksperimentelle former.
Han har spelt inn ei rekkje kritikerroste CD-ar, mellom anna David Monrad Johansen (188-1974) og Johannes Rivertz (1902-1988) sin komplette klaver-produksjon. Nyleg kom han med Signe Lund (1868-1950) sin klavermusikk, i alt tre CD-ar, det er første gong nokon sinne at denne musikken er blitt gjort tilgjengeleg i klingande form.