Sjølv i desse koronatider er det gudsteneste kvar søndag i ei av kyrkjene i Radøy sokn. I bestilingsportalen kan du velja blant ledige datoar fram til adventstida. Dei fleste gudstenestene er ført opp kl 11:00 men mest sannsynleg vil de få ei eiga dåpsgudsteneste kl 12:30 sjølv om det står kl 11:00 i portalen. Dette fordi vi framleis må halde éin meters avstand mellom husstandar, noko som gjev avgrensa plass i kyrkjene. Kyrkjekontoret vil informere i god tid om kva som er rett tidspunkt for din seremoni.
Bruk vår elektroniske løysing for å bestille dåp i dag. Velkomen til kyrkja!