Førstkomande søndag, 1.mai, fyllar me Manger kyrkje med rytmeegg, såpebobler og barnemylder, godt tilrettelagt for dei minste borna! Alle born mellom 0-3 år får invitasjon i posten, og det er sjølvsagt plass til heile familien, og fleire til:-)
Liturg er prest Knut F Sørheim, organist er J William Kay. Trusopplærar Wilco Vogelaar og diakon Gudveig Kartveit Sundsbø er òg med.
Det er 3 born som skal døypast denne dagen. Takkoffer til Kirkens SOS.
Etter gudstenesta er det kyrkjesaft (og -kaffi) og kaker.
Hjarteleg velkomen!