Kyrkja i Radøy har gudsteneste på heilagdagane i påsken. Du kan vere med og feire påska her:
Palmesøndag: Gudsteneste i Sæbø kyrkje, kl 11.00. Knut Fredrik Sørheim er prest, John WIlliam Kay spelar. Det er dåp, og takkoffer til Trusopplæringa i Radøy.
Kyrkjelydens årsmøte etter gudstenesta, med kyrkjekaffi.
Skjærtorsdag: Nattverdgudsteneste i Manger kyrkje kl 19.00 med Kjell Johan Sekkingstad og John William Kay. Det vert servert kveldsmat etter gudstenesta.
Langfredag: Pasjonsgudsteneste i Manger kyrkje kl 19.00 med Knut Fredrik Sørheim og Frode Skag Storheim.
1.påskedag: Påskegudsteneste i Manger kyrkje kl 11.00 med Knut Fredrik Sørheim og Frode Skag Storheim.
I ei spesiell tid vil me dele ord frå Preses Olav Fykse Tveit:
Igjen kan vi feire påske med opne kyrkjedører for alle. Men igjen er det påske i krisas teikn. Denne gongen i krigens mørke skugge, og med flyktningar frå Ukraina som kjem også til våre lokalmiljø.
Påske handlar på mange vis om krise. Det var ikkje nokon idyll den første påska. Det er som om Jesu ord til disiplane, på veg mot dei dramatiske påskedagane, er retta direkte til oss denne påska: «Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!» (Joh 14,1).
No treng vi ord, bøner, salmar, musikk, lystenning og nattverdens gåver, ja, alt det som kyrkja har for å samle menneske om kjærleikens og håpets evangelium. Slik kan vi uttrykkje trassige teikn på vår tru på Gud i krisetider. Og kanskje invitere flyktningar til eit påskemåltid?
God påske- velkommen til kyrkja!