Smittevern i soknekyrkjene i Radøy
Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.
Dei som kan vere korona-sjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.
Rutinar for handhygiene og reinhald
Handsprit er tilgjengeleg ved inngangane og fleire andre stader. Dørhandtak, benkevangar og andre kontaktflater vert reingjort mellom kvart arrangement
God avstand og minst mogleg fysisk kontakt mellom personar
Hald avstand – minst éin meter – både inne og ute. Dette gjeld ikkje personar i same husstand.
Maksimalt 50 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Benkane som ikkje er i bruk er stengt av. Andre benkar har plass til inntil 3 personar som ikkje er i same husstand (eventuelt 2 par eller ein familie)
Det vert ikkje servert kyrkjekaffi.
Bruk av inventar og utstyr
Vi bruker ikkje salmebøker. Gudstenesteprogram vert kasta etter bruk. Instrument, mikrofonar, bøker etc. skal ikkje brukast av fleire personar.
Registrering av deltakarar
Styresmaktene har bestemt at vi må ha oversikt over kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smitteoppsporing. Vi registrerer namn og mobilnummer på dei som møter opp. Registreringslista vert oppbevart i 10 dagar før den vert makulert. Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.