Born & unge: Trusopplæring
Kva er kristen tru og korleis praktiserar den? Gjennom opplevingar, aktivitetar og røynsler inviterar kyrkjelyden til trusopplæring for born og unge. Døme på slike tilbod er babysong, 4-årsbok, overnatting i kyrkja (Lys vaken) og konfirmasjon.



Når det er dåp, les vi frå Bibelen om å lære å kjenne den trua som vi vert døypte til. Dette ynskjer kyrkjelyden å bidra til, saman med dei som har ansvar for oppsedinga til barnet.
Som ei hjelp i dette arbeidet har kyrkja tilbod om trusopplæring for barn og unge mellom 0 og 18 år. Heilt sidan den kristne kyrkja vart grunnlagd, har det vorte undervist i kva den kristne trua handlar om. Trua sitt innhald har vorte overlevert frå generasjon til generasjon. Læringsmetodane har variert, men innhaldet i trua har vore den same, og er viktig å formidle.