Julehilsen fra Oslo biskop

Julegrana står utanfor leiligheita og førebur seg til varmen i stova. Veslejulaftan kjem pynten på. Eg pyntar med andakt for når eg pyntar minnes eg alltid far min, som døydde for 13 år sidan. Han var lærar i teikning og keramikk og i skriftforming. Eg blar gjennom arka med den nydelege handskrifta hans og finn det eg leitar etter: Kåseriet hans om julepynt og symbol.

Biskop Kari Veiteberg

 -Vi lyt ofte bruke symbol avdi ikkje kan uttrykka førestellingar på andre måtar, skriv far.

- Det er så mange ting i tilværet som ligg utanfor vår fatteevne, men symbola kan kaste ljos over visse sider ved dei, slik at vi kan halda dei fast i vårt sinn og vår tanke.

At julepynten inneheld meir enn dekor, er ukjent for mange. Far min deler dei inn i  fire grupper. Den første gruppa er dei som viser veg: Stjerne, lys og glitter.

Så er det Sendebodsgruppa: Klokkene, trompetane, fuglande, englane. Alle kurvane høyrer heime i den  tredje gruppa: Gåvegruppa. Den fjerde gruppa er for det universelle, det medmenneskelege og samhaldet: Kula, ringane, lekkjene.

Har du treet framføre deg, sjå på det. Det er ein andakt der det står å oppleve, sanse

Lysa symboliserer at ”Det sanne lyset som lyser for kvart menneske kom no til verda.” (Joh 1,9)

Klokkene, trompetane, fuglande og englane er symbol for dei som skal gå med den glade bodskapen: ”Kling no klokka! Ring og lokka,..”!

 Kurvar i ulike former peikar på ”alle gode gåvers givar”, og dei har hjarteform: Gleda ved å få og gi.

Samhaldet og fellesskapet er kula og lekkjene. Menneskeheita er ei, difor kulesymbolet  og lekkjene som tyder einskap og søskenkjede. Lekkjene kan og vere sett saman av  andre symbol, som alle nasjonars flagg.

Far rundar av med sjølve treet og understreker  at alle desse einskildsymbola og truleg fleire til, er knytt saman i ein stor komposisjon i juletreet. Det grønne treet er symbolet på livstreet og symbola som vi har nemt, kan vi finne som frukter på dette treet.

I 1822 kom juletreet til landet vårt. Først i  overklassen i Christiania, men ikkje mange år tok storbønder, prestar og anna ”fint folk” etter. Skeptikarane meinte at treet tok fokuset bort frå den eigentlege julebodskapen. I dag vil vi nok seie at treet er kome for å bli!

Og når far min fortel om alt det vi kan få møte gjennom  juletreet, erfarer eg at bodskapen også verkeleg faldar seg ut.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"