Fadderansvaret dreier seg om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusopplæring.
- Fadrane lover å be for barnet og lære barnet å be.
- Fadrane skal og hjelpe barnet til å verte kjent med bibelforteljingane og oppmuntre til å gå til nattverd.
- Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar.
- Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlemmar av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.
- Foreldra kan ikkje vere fadrar.
- Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.Minst to av fadrane må vere til stades under sjølve dåpen.
Presten har ansvar for å sjå til at fadrane oppfyller desse føresetningane. Det inneber ingen sivilrettslege plikter å vere fadder, som for eksempel å skulle overta omsorgsansvar for barnet dersom foreldra dør.