Kontakt for Midtgulen sokneråd:
Kari Rita Frøyen | Leiar |
41567013 | karirit@online.no |
Bygginga av Midtgulen kyrkje vart starta opp i 1903, 3. mai 1904 vart den vigla av biskop Johan Willoch Erichsen. I 1929 fikk kyrkja nytt orgel. Då kyrkja i 1954 var 50 år vart den måla innvendig med nye fargar, nye vindu med antikkglas og glasmåleri i koret. Motiva her er "Den gode hyrding" og Såmannen" Altertavla er måla av kunstnaren Frida Rusti. Nyleg har kyrkja fått tilbygg med bårerom, reiskapsrom, handitoalett og dåpssakristi.
Kyrkja er delvis tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne, der ein er avhengig av rullestol eller anna for å kome seg inn i kyrkja. Det er montert teleslynge i kyrkjerommet. I enkelte lysforhold kan interiøret opplevast vanskeleg for synshemma. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.
Midtgulen kyrkje vert nytta til gudstenestene helgemesse, lysmesse, 2. juledag, 1. påskedag, konfirmasjon og andre kyrkjelege handlingar.
Svelgen kapell var vigsla i 1960. Kapellet vert nytta til trusopplæringsaktivitetar i tillegg til alle typar gudsteneste, kyrkjelege handlingar og søndagsskule,
Kapellet er delvis tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne, med god tilkomst til kyrkjerommet. Det er ikkje handikaptoalett i kapellet. Elles med velvilje og enkle tiltak inn til møtesal. Det er montert teleslynge i kapellet. Utanfor er det skilta parkeringsplass for rørslehemma.