Etter at det er avtalt dåp i kyrkja tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Samtalen finn anten stad i heimen eller i kyrkja. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga.
Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventiuelt andre ting vert avklart.
Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, og vere medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.
Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen?