Årets fasteaksjon

I år fekk vi inn 9920,- kroner i bøssene og 1480 på vipps! Tusen takk for innsatsen!

Årets fasteaksjon

– Eg har ofte blitt sjuk av det skitne vatnet me hadde her i landsbyen. Eg måtte halde meg heime frå skulen fordi eg hadde vondt i magen, og eg har fått urinvegsinfeksjon på grunn av vatnet. Men no er det mykje betre, fortel 13 år gamle Richard Wilson.

Han er ein av mange innbyggjarar i Ikonda i Tanzania som har fått ein ny brønn. Bebuarane i landsbyen har jobba frivillig for å få bygd brønnen. Dei har fått hjelp frå Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon i Tanzania og det er pengar frå TV-aksjonen i 2014 som gjorde det mogleg å gjennomføre prosjektet. No er vatnet mykje reinare, og det gamle vatnet vert berre nytta til å lage mursteinar og vatne åkrane.

Noreg og alle andre medlemsland i FN har sett seg som mål å skaffe reint og trygt drikkevatn til alle innan 2030. Men det er ein lang veg fram, sidan det framleis er millionar av menneske som ikkje har tilgang til reint drikkevatn.

Du kan bli med på å gjere denne vegen kortare ved å bidra med pengar eller som frivillig under Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2017, der me samlar inn pengar slik at endå fleire kan få reint vatn, slik som Wilson. Me i Fedje kyrkjelyd er stolte av å kunne samarbeide med Kirkens Nødhjelp som arrangerer Fasteaksjonen for 50. gong i år. 4. april er aksjonsdagen på Fedje og vil du vere med så meld deg som bøssebærer til mia.kruger.etokebe@fedje.kommune.no

I 2017 markerer me også at det er 500 år sidan reformasjonen, og Fasteaksjonen er jubileets diakonale prosjekt. Også i Tanzania markerer dei jubileet ved å hjelpe andre.

– Me trur ikkje at kyrkja lever i eit vakuum. Me trur på å hjelpe andre menneske. Styresmaktene kan ikkje hjelpe alle i Tanzania, og her kan me bidra, seier biskop Emmanuel Makala, som er biskop i den same regionen kor Richard Wilson bur.

Fedje kyrkjelyd lever heller ikkje i noko vakuum og er glade for at me kan støtte dette arbeidet, og me oppmodar alle våre støttespelarar til å ta seg ein ekstra gåtur denne eine dagen. For om du tek ein tur ein dag, så kan nokon andre sleppe å gå ein ekstra lang tur kvar einaste dag for å kome til næraste brønn.

Bli ein brønnbyggjar du også, og støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

Les meir om fasteaksjonen på www.fasteaksjonen.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fedjekyrkja

Adresse: Stormarkvegen 49
5947 Fedje

Besøksadresse: Stormarkvegen 8

Opningstider:
Onsdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00

post.fedje@kyrkja.no

Tlf: 951 57 569 (bruk kontortid)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"