Born og unge

Fitjar kyrkjelyd har eit breitt tilbod for born og unge.

Arbeidet inkluderer alt som skjer gjennom trusopplæringsplanen "Med Jesus i båten" (ofte forkorta til "Båten"), soknerådsbarnehagen og alt frivillig arbeid som vert gjennomført på dei ulike bedehusa i kommunen. Her finn du meir informasjon om ulikt arbeid knytt til born og unge i kyrkjelyden, samt lenker og kontaktinformasjon.  

TRUSOPPLÆRING VÅREN 2026!!       

«Med Jesus i båten»

Babysong:

Samling på Fitjar bedehus anna kvar tysdag kl.10:30 – 12:00. Babyar (0-18 månader) saman med ein vaksen. Songstund, og nistelunsj saman etterpå. 

Datoar: 20/1, 3/2, 17/2, 3/3, 17/3, 14/4 og 28/4

Småbarnssong:

Samling ein onsdag i månaden kl. 17:30 – 18:30. 1-4 åringar saman med ein vaksen Songstund, bibelforteljing og nistekvelds.

Datoar: 4/2, 4/3, 15/4

Tårnagenthelg:

Utforsking og mysterieløysing på laurdag og familiegudsteneste med utdeling av bok på sundagen. 

Datoar: 14/2 og 15/2

Påskesamling og Barabbas:

Samling onsdag ettermiddag kl. 17.00 for 6-åringar saman med

ein vaksen. Song og bibelforteljing frå påsken, aktivitet og matbit.

Datoar: 9/4 og 12/4

 

Ten-treff:

Eit rusfritt tilbod på fredagskveldar for ungdom frå 8. klasse og oppover. Samling på fredagar kl. 21:00-23:00 – bli med i Facebook-gruppa «Fredagskveld på Fitjar»

Datoar for Tentreff: blir lagt ut på facebookgruppa. Me føl skuleruta

Konfirmantar:

Samling i kyrkja annakvar veke fordelt i gruppe tysdag og onsdag og nokre felles kl. 14:15 – 15:45:

T: 13/1, 27/1, 8/2, 10/2, 17/3, 24/3, 7/4, 21/4, 5/5, 6/5, konf.dag

O: 14/1, 28/1, 8/2, 11/2, 18/3, 24/3, 8/4, 22/4, 5/5, 6/5, konf.dag

 

Vidare:

Samling for ungdom i kyrkja ein tysd. i månaden kl. 19:30-21:00.

Datoar: 27/1, 17/2, 17/3, 28/4 og 19/5

Med Jesus i båten

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"