Misjonsprosjekt

Fitjar kyrkje har inngått avtale med Det norske misjonsselskap om å støtte arbeidet i Mali. Avtalen vart fornya hausten 2024.

Misjonsprosjekt

NMS JOBBAR FOR Å 

    Kjempe mot urettferd
•    Dele trua på Jesus
•    Utrydde fattigdom

KVA GJER NMS I MALI?

NMS er partnar i Den evangelisk-lutherske misjon i Mali (MELM) saman med kyrkjer i Nigeria og Kamerun, og Den Evangelisk Lutherske Frikirke. NMS bidrar blant anna med misjonærar inn i dette arbeidet.

KYRKJELYDSBYGGING BLANT FULANIAR
Vi ynskjer å byggje kristne fellesskap blant fulanitalande, gi trusopplæring til nye kristne, og bidra til å mobilisere for at folk kan bruke talentane sine til beste for lokalsamfunn og kyrkjelyd. For tida blir det jobba inn mot fulanitalande både i Mali og Guinea. MELM driv også ein radio der det blir sendt både evangeliserande og sosiale program.

BIBELOMSETJING TIL FULANI
Ein arbeider med å omsetje Bibelen til fulani. Heile Det nye testamentet og nokre av bøkene i Det gamle testamentet (GT), er ferdige og tekne i bruk. Maliske medarbeidarar jobbar no med å fullføre GT.

KJEMPE MOT KJØNNSLEMLESTING OG BARNEEKTESKAP
Omskjering (kjønnslemlesting) og fødselsskadar skaper store problem for jenter og kvinner i Mali. I samarbeid med lokale helsearbeidarar har eit NMS- og Norad-støtta utviklingsprosjekt oppnådd svært gode resultat. Mange landsbyar har slutta heilt med kvinneleg omskjering, og innsatsen held fram i stadig nye landsbyar. Det er eit mål å stoppe barneekteskap og kjønnslemlesting av jenter i Mopti-regionen.

ALTERNATIV INNTEKT I KONFLIKTOMRÅDE
Tradisjonelt er jordbruk- og husdyrhald viktige inntektskjelder, men tryggleikssituasjonen i Mali no gjer dette vanskeleg. Ein arbeider med å sikre kvinners og barns rettar, og betre levekåra. Spare- og lånegrupper er sentrale i dette arbeidet, både som arena for det haldningsskapande arbeidet og for kurs i inntektsbringande arbeid for kvinner og unge vaksne. Vi trur dette arbeidet er med på å skape håp og å motverke radikalisering i ein krevjande situasjon i landet. Use Your Talents-metodikken blir brukt aktivt i eit eige prosjekt for å forbetre levekåra til fattige menneske ved å fokusere på bruk av lokale midlar og ressursar.

FAKTA OM MALI

  • Innbyggjartal: 23,2 millionar inkludert cirka 3 millionar fulaniar.
  • Religion: 93,9 % muslimar, 2,8 % kristne.
  • Levekår: 2/3 av innbyggjarane blir rekna som fattige.
  • Næringsvegar: Jordbruk sysselset cirka 70 %.
  • Styresett: Republikk. Landet er prega av konfliktar, uro og valdelege hendingar Kjelde: www.fn.no

 

For meir informasjon om NMS og prosjektet i Mali: NMS - Det Norske Misjonsselskap - NMS

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"