Ved drop-in dåp er det mogeleg å kome til kyrkja og bli døypt utan å ha bestilt tid eller foretatt noko registrering på førehand, men ta gjerne kontakt med oss på førehand og!
Kan hende har de utsatt – eller av ulike grunner ikkje fått planlagd dåp, men vil likevel gjerne at barna skal bli døypte?
Kan hende ble du sjøl aldri døypt, men vil likevel gjerne tilhøre kyrkja? Gjelder alle aldersgrupper!
Kan hende tenkjer du at du gjerne vil vere konfirmant i kyrkja – til neste år eller seinere - men er ikkje døypt?
Når det er drop-in-dåp brukes ei enkel ramme for seremonien. I drop-in-dåpen får du løftet om at Jesus er med deg alle våre dager, og gjennom dåpen blir du som er døypt ein del av kyrkjas store fellesskap.
Alle kan bli døypt ved drop-in-dåp, så lenge du ikkje er døypt frå før.
Før dåpen blir gjennomført har du ein dåpssamtale med presten. Det skjer rett før dåpen.
Alt du treng å ha med til kyrkja er gyldig legitimasjon. Utover dette er det mogleg å møte opp uten avtale. Du treng heller ikkje gjer noko praktiske førebuinger.