Sundag 20. oktober kl. 17.00 vil kyrkjefolket i Sunnhordland takka av prost Svein Arne Theodorsen med gudsteneste i Stord kyrkje og kyrkjekaffi i Leirvik bedehus etter gudstenesta.
Biskop Ragnhild Jepsen vert med på både gudstenesta og kyrkjekaffien. På kyrkjekaffien/festen etter gudstenesta vert det helsingar og underhalding av ymse slag.
Me håpar folk frå heile Sunnhordland vil møta opp og takka prosten vår for lang og tru teneste.
Arrangør er Sunnhordland Prostiråd ved Kirsti Angvik Frugård og Harald Rydland
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.