Det vert mykje flott program i gudstenesta, der m.a. biskop Ragnhild Jepsen vil delta.
Rett etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi i Leirvik Bedehus Der skal me få bli betre kjent med Arild Steinsland, og prostiet sin frivilligpris for 2024 skal delast ut. Elles vert det kaffi og kaker, drøs rundt borda og litt lettare program.
Me håpar folk frå alle deler av prostiet vil møta opp og ta vel i mot den nye prosten vår.
Arrangør er Sunnhordland Prostiråd ved Kirsti Angvik Frugård og Harald Rydland