Ledig stilling som kyrkjelydsprest/barne- og ungdomsprest

Fitjar kyrkje lyser ut ei stilling som kyrkjelydsprest/barne- og ungdomsprest. Sjå utlysinga og ta kontakt om du er interessert!

Ledig stilling som kyrkjelydsprest/barne- og ungdomsprest

Fitjar kommune, med sine ca. 3200 innbyggjarar, har eitt sokn.  Fitjarbygda ligg sentralt til mellom Bergen og Haugesund. Her er gode kommunikasjonar for å reisa til og frå.  Bygda har rikt kulturliv og vakker natur som legg til rette for ei aktiv fritid.  Soknet har ei` kyrkje som ligg i Fitjar sentrum.  I kyrkjelyden er det svært stor oppslutning om gudstenester, andre arrangement og frivillig arbeid.  Staben i kyrkja består for tida av sokneprest, kyrkjeverje, kantor,  kyrkjelydsprest og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar. 

Fitjar kyrkjelyd sin visjon er: «Nær Kristus – nær menneske»


Me har denne stillinga ledig:

Kyrkjelydsprest / Barne - og ungdomsprest   – 100%  fast stilling


Arbeidsoppgåver

-  Arbeid med trusopplæring 0 – 18 år

-  Konfirmantarbeid

-  Anna barne – og ungdomsarbeid

-  Ei sundagsgudsteneste i månaden

-  Ei vaktveke med kyrkjelege handlingar kvar månad

 

Utdanning/kvalifikasjonar

-  Relevant utdanning som cand. theol. med praktikum eller tilsvarande

 

Personlege eigenskapar

-  Evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper, særleg barn og ungdom

-  Gode evner til å samarbeida med tilsette og frivillige, lag og organisasjonar

-  Evne til å arbeida sjølvstendig og fleksibelt

-  Ynskje om å vera med å bygga og styrka kyrkjelyden i Fitjar

 

Me kan tilby:

-  Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariffavtale i KA

-  Pensjonsordning i KLP

-  Samarbeid i ein stab med stor arbeidsglede og godt humør

 

Den som vert tilsett må kunna uttrykkja seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg. 

Målforma i Fitjar kyrkjelyd er nynorsk.

Det er ønskjeleg , men ikkje eit krav,  at dei  som arbeider i kyrkjelyden er busette i Fitjar.

Det vert sett krav til medlemsskap i Den norske kyrkja.

Ved  tilsetjing vil det verta kravd politiattest.

 

For stillingsannonse som PDF og søknadsskjema, sjå lenkjer under her. 

 

Søknadsfrist  13.5. 2018

Søknad kan sendast til arbeidsgjevar:

Fitjar sokn, pb 10, 5418 Fitjar.

kyrkja@fitjar.kommune.no

Nærare informasjon om stillinga er råd å få hos kyrkjeverje Harald Rydland tlf. 913 47 802.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  
torsdagar kl. 09.00-15.00,
fredagar kl. 12.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"