Pilegrimsvandring sundag 20. september
Då vert det ny, gild vandring frå nye parkeringsplassen i Vistvik. Sundag 20 sep. Me går kl. 09.00 presis. Gratis. Påmelding SMS eller telefon til turleiar Hjørdis J. Heggland, seinast sundag morgon kl 08.30. Kjentmann er som før: Johannes Nesse. Bruk fjellsko, noko vått i terrenget. Bratt i start, pust, pust, men der sig me roleg. Hugs nista, rast ved Kyrkjevatnet. Framme ved Fitjar kyrkje - omlag kl 14.00 - kan dei som vil delta på ei lita pilegrimsmesse, ved prest Herman Inge Aadland og kantor Jan Overweg. Du skal vera hjarteleg velkomen til ein litt annleis tur for sjel og kropp i gildt fellesskap. Tilskipar: Fitjar sokneråd, Stord- Fitjar turlag, Stord kyrkjeakademi.