Fitjar kyrkjekor framfører «Visst skal våren komme» av Eyvind Skeie og Sigvald Tveit, torsdag 1. november kl. 19.30 i Fitjar kyrkje. I « Visst skal våren komme» tar Eyvind Skeie utgangspunkt i apostelen Johannes, der han sit fengsla på øya Patmos. Dei truande vert forfylgde og har det vanskeleg. Da får Johannes syner og ei openberring som fyljar han med tru og håp. Håp som gjev mot til å tru og å leva.
Songane i «Visst skal våren komme» er sett saman med tekstar frå Johannes’ openberring til eit heilskapleg program.
Ved framføringa deltek Lisa Instefjord Gilje, Kari Anita Larsen og Elisabeth Moldestad som solistar frå koret. Andre Eide, Heine Helland, Sina Amalie Hauge og Ingrid Overweg vert med som musikarar. Harald Johan Sandvik er tekstlesar. Dirigent er kantor Jan Overweg.
Billettar kr. 150,- (ved inngangen)
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.