I år vil vi ta for oss Johannes-evangeliet fordelt utover 6 gudstenester i fastetida.
Å lese dei heilage skriftene høgt er ein lang tradisjon i vår kyrkje. Fastetida gir oss mulighet til å setje av tid til skriftlesing.
Vi les i fellesskap nokre kapittel kvar gong. Ta gjerne med eigen bibel, eller bruk dei vi har i kapellet. I tillegg til lesing blir det musikkinnslag, salmesang og kveldsbøn frå salmeboka.
Etter fastegudstenesta blir det servert kveldsmat.
Datoer for fastegudstenester:
onsdag 14. februar - Johannes 1-3
onsdag 21. februar - Johannes 4-6
onsdag 28. februar - Johannes 7-10
onsdag 6. mars - Johannes 11-13
onsdag 13. mars - Johannes 14-17
onsdag 20. mars - Johannes 18-19 (20-21)
Velkomen!