I år har desse fastegudstenestene tema: «Fri og forankra – om Luthers vesle katekisme». I løpet av dei seks gudstenestene vil me gå gjennom dei seks delene av Luthers vesle katekisme, eit bok som er eit av dei forpliktande dokumenta til kyrkja vår. Ei bok som også har betydd mykje for kristenlivet i landet vårt og som kan hjelpa oss til å forstå viktige sider ved vår kristne tru. Tittelen har me stole frå ei bok gitt ut av Egil Sjaastad, tidl. lærar ved Fjellhaug misjonsskule, i fjor. Boka handlar nettopp om Luthers vesle katekisme.
Fastegudstenestene følgjer liturgien for aftanbøn (vesper) frå salmeboka, med unntak av den første som er ei skriftemålsgudsteneste. Gudstenestene består av preik, song og bøn. Og etterpå ønskjer me velkomne til ein kaffiprat for dei som ønskjer det. Planen og tema ser de nedanfor.
Vel møtt til fastegudstenester i Johanneskapellet!
- mars – Oskeonsdag: Skriftemålsgudsteneste. Tema: «Skriftemål»
- mars: Fastegudsteneste. Tema: «Dei ti boda»
- mars: Fastegudsteneste. Tema: «Fader vår»
- mars: Fastegudsteneste. Tema: «Truvedkjenninga»
- mars: Fastegudsteneste. Tema: «Dåpen»
- april: Fastegudsteneste. Tema: «Nattverden»