Til tross for snø og kaldt ute, var det godt og varmt inne i kyrkja og god stemning i løpet av den drøyt times lange konserten.
Trioen presenterte songar frå tre plater gitt ut dei siste åra og denne turnéen på til saman 15 konserter, er første gongane sangane blir framførde utanfor studio.
Benny Borg skriv tekster som treff mange, om kvardagslege ting som folk kan kjenne seg igjen i, og saman med dei to andre dyktige musikarane, farga dei tekstane med flott musikk.
Det var mange gode ord frå publikum etterpå, så dei som skal på konsert med desse tre seinare, har noko å glede seg til.