Gudstenesta markerte 60 år med kvinner i presteteneste, under temaet «Velsigna». I forkant av gudstenesta var det kvinnenettverksamling heime hjå Biskop Ingeborg Midttøme der prestestudentane og prestevikarane Anita Dyb Hagerup, Gunnhild Roaldsnes Bremer og Anne-Helen Roaldsnes var samla saman med kvinnene i presteteneste i Møre. I samlinga var også tidlegare preses Helga Haugland Byfuglien med og delte glimt frå si personlege reise som prest. I gudstenesta deltok forfattar Marit Kaldhol med ein ny tekst skrive for anledninga: Kvit morgon. Marit Kaldhol har også skrive fleire nye songtekstar til kjende melodiar. Ein av desse som vi sang i gudstenesta var: «Jesus, gi stemme» til meldodien «Danse mi vise, gråte min sang».
Jesus, gi stemme til jenter på jorda,
løys ut vår rett til å bere fram orda.
Du gir oss styrke, du frir oss frå tvang.
Løft våre stemmer, gi oss din klang.
Jesus, di stemme gir fridom frå frykta.
Saman med misbrukte kvinner som flykta
syng vi om venskap når vegen er vrang.
Løft våre stemmer, gi oss din klang.
Jesus, gi stemme til Kari og Nora,
til Rigoberta, til Rut og Deborah,
Sara og Hadia, Teresa og Thang.
Løft våre stemmer, gi oss din klang.
Jesus, di stemme er stemma i hjartet.
Om vi er sterke og om vi er sarte,
lyttar du til oss. Vi deler din rang.
Løft våre stemmer, gi oss din klang.
Jesus, di stemme er jubel og æra.
Kvinna ved brønnen er kvinner i verda,
oldemor, ungjente, barnet på fang.
Løft våre stemmer, gi oss din klang.