Vi er særs stolte over at vi i eit covid–19 år har fått på plass det som vi håper på skal bli ein fast tradisjon. Nemlig å knytte kyrkja og spelet nærare saman med å ha ein eigen kyrkjekveld og dermed også kunne formidle endå meir av både vår og Noreg si historie. Både for dei som veit lite og dei som veit mykje. Middelalderkyrkja på Giske vart jo bygd av etterkomarane til Arnungane og er vår «Nidarosdom». Her er mykje upløgd mark.
I år startar vi med byrjinga: Olav Haraldsson, Heilag-Olav og Krist-trua. Kva kunne det vere som fascinerte hardbarka vikingar til å ofre alt for Olav og Kvite-Krist, tape alt og så likevel bli vinnarar? Og kva fascinerer framleis i denne historia, 1000 år etter?
Og, kva har dette betydd for Giske og for Norge?
Vi starter i 1000 år gamle spor og har fått med oss ein Biskop, ein eks–ordførar og ein historie-entusiast til å innleie.
Biskop Ingeborg Midttømme, Arne Sandnes ,eks-ordførar i tidlegare Norddal kommune, og vår eigen Arne Tunheim, historie- og arnunge-entusiast, innleiar frå kvar sin ståstad i historia.
Deretter håper vi på ein spanande dialog både mellom dei og publikum i salen. Alt godt leia av Hilde Røsvik.
Covid–19 begrensningar gir i dag løyve til å ha 30 personar tilstade i kyrkja. I tillegg til føredragshaldarane og eventuelt media.
Billetten vert kr. 200.- per person
Billettar kjøpast kun på tikkio.com